Ofotens Dampskibsselskab
Ofotens Dampskibsselskab | |||
Bransje | Sjøfart, kollektivtransport, transport | ||
---|---|---|---|
Skipa | 24. juli 1912 | ||
Etterfylgjar(ar) | Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab | ||
Hovudkontor | Narvik | ||
Land | Noreg |
Ofotens Dampskibsselskab (ODS) var eit reiarlag som vart grunnlagt 24. juli 1912 i Narvik. Føremålet var å driva lokaltrafikk på Ofotfjorden, og i 1914 fekk reiarlaget overlevert sitt første skip, DS «Barøy». I 1936 kom ODS inn i hurtigruten med skipet DS «Nordnorge». Administrerande direktør i fleire tiår var Waldemar Høy. I 1985 kjøpte ODS 68 % av aksjane i Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS), og tok dermed over kontrollen av reiarlaget.
I 1987 vart ODS og VDS formelt slått saman, og det nye selskapet fekk namnet Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab (OVDS). Reiarlagslogoen og skorsteinmerket til ODS vart vidareført i det nye reiarlaget. OVDS vart i 2006 slått saman med Troms Fylkes Dampskibsselskap (TFDS) og danna Hurtigruten Group, seinare omdøypt Hurtigruten ASE.
Flåte
[endre | endre wikiteksten]Namn | Tidsrom |
---|---|
DS «Nordnorge» | 1924-1940 |
DS «Barøy» | 1929-1941 |
DS «Nordnorge» | 1942-1944 |
MS «Barøy» | 1952-1964 |
MS «Skogøy» | 1953-1983 |
MS «Stjernøy» | 1953-1983 |
MS «Tranøy» | 1953-1983 |
MS «Tjeldøy» | 1956-1973 |
MS «Nordnorge» | 1964-1987 |